Semesteret er snart over, og det betyr at Fagkom er ferdig med arbeidet sitt for i år. Og for eit semester det har vore! Fagkom har teke opp rekordmange medlem, fått eigen maskot, døpt Faglege Franklin, og vorte ein stor og effektiv komité. Dette har gjort at vi har hatt kapasitet til å setje i stand og sende svært mange medstudentar på skyggedagar – enda fleire enn tidlegare! Vi har også arrangert tre spennande foredrag om psykopati, barnefagleg sakkyndigheit og E-terapi, samt hatt tre fredagar med EEG-lab saman med Stig Hollup. I tillegg til alt dette, har vi også funne ny trainee til Brøset. Fagkom gleder seg til å ta oppatt arbeidet til våren, med fleire skyggedagar, splitter ny traineestilling og interessante faglege arrangement. Har du nokre gode idear til kva vi kan arrangere, eller nokre interessefelt du føler pensum ikkje dekkjer? Ikkje nøl med å ta kontakt med Faglege Freud på Facebook, so kanskje dine draumar vert realisert! Eller enda betre: kanskje du vil bidra sjølv? Fagkom søkjer nemleg nye medlem til våren, og vil gjerne ha DEG med på laget!
Dersom du gjekk glipp av noko i semesteret som har gått, eller vil ha eit lite tilbakeblikk på alt som har skjedd, kan ein finne korte oppsummeringar her på nettsida. Dette gjeld foredrag, workshops, skyggedagar og om den førre som hadde trainee-stillinga. Her er mykje interessant lesing som kan dekke dine Fagkom-abstinensar i jula.
Vedlagt finn du linkar til tidlegare innlegg om dei arrangementa vi har hatt dette semesteret, dersom det var noko du ikkje fekk med deg, eller rett og slett berre vil ha ei oppfrisking:
Psykopati: https://psykolosjen.com/2018/09/07/fagkom-presenterer-korleis-forsta-psykopati/
EEG-workshop med Stig Hollup: https://psykolosjen.com/2018/10/19/fagkom-workshop-med-stig-hollup/
Barnefagleg sakkyndigheit: https://psykolosjen.com/2018/10/26/fagkom-presenterer-barnefaglig-sakkyndighet/
E-terapi: https://psykolosjen.com/2018/11/05/fagkom-presenterer-e-terapi/
Fagkom takkar for eit flott semester og ynskjer alle ei riktig god jul! Vi er tilbake neste semester med mykje gøy, so her er det berre å vere på utkikk!