Fagkom presenterer: E-terapi

45192026_350172528880820_2638968068625137664_n.png

E-terapi – kva er det? Dersom du kan svare på dette, er det gode sjansar for at du var ein av dei som møtte på det siste Fagkom-arrangementet for hausten, E-terapi med Edona Zilkiqi og Svein Øverland. Sjølv om Noreg har vore treigast i Norden med å ta i bruk denne forma for terapi, har det skjedd mykje det siste året. Ein gjeng ei spanande tid i møte med teknologien, noko som også gjeld innan terapi, der ein no so smatt har byrja med konsultasjonar gjennom videoløysingar, assistert sjølvhjelp og/eller appar.

Øverland er psykolog med klinisk spesialitet i barne- og ungdomspsykologi og familieterapi, er ansatt som seksjonssjef ved avdeling Brøset, St. Olavs Hospital og rådgjevar i Forvaringsavdelinga i Trondheim fengsel. Han er også eigar av SuperEgo, eit firma relatert til E-terapi, der ideen er at systemet skal tilpasse seg pasientane, heller enn omvendt som tilfellet er i dag. Zilkiqi er psykologstudent her på NTNU (kull 37), er prosjektleiar i SuperEgo og skriv si hovudoppgåve om E-terapi. Ho vil også snart vere mogleg å nå via videoløysingar.

E-terapi byr på ei rekkje moglegheiter, og Øverland og Zilkiqi meiner dette er eit godt supplement til den vanlege terapipraksisen som gjennomførast i dag. Det som vart trekt fram som det viktigaste med E-terapi, var at det ville gjere det lettare å nå pasientane der dei er. Dette er eit tilbod pasientane har etterspurt lenge, men det verkar som at mange psykologar har manglande kunnskap om alle moglegheitene som finst. Appar, spel, virtuelle verder, simulatorar og bloggar vart nemnde som noko av dei hjelpemidla ein har tilgjengeleg. Øverland fortalte blant anna at han nyttar The Walking Dead-spel i terapi, då det her dukkar opp ein del etiske problemstillingar. Vidare fortalte han at han også har nytta SIMS som trening på dei innsette i fengselet. Ikkje nok med dette, Øverland har også fungert som psykolog på online-spelet HABBO, for dei som hugsar det.

45671244_2132786520271497_285893991252099072_n

Det vart lagt fram fleire føredelar med E-terapi, og ein av føredelane rundt videoløysingar, var at det ville gjere det mogleg/lettare for ein med sterk sosial angst å få behandling. Kanskje var det tanken på å måtte sitte på eit venterom saman med andre pasientar som var hinderet for behandlinga? I so fall er videoløysingar heilt ideelt. E-terapi er truleg også noko som appellerer meir til den yngre generasjon, og Øverland påpeika viktigheita av det når det gjeld motivasjonen for å kome tilbake. I til dømes familieterapi er det essensielt å identifisere den minst motiverte, og prøve å gi denne personen lyst til å kome tilbake. Utan heile familien, vil det trass alt ikkje verte familieterapi. Ulike dataspel kan både vere motivasjon nok, samstundes som dei rette spela kan bidra til at ein får i gang ein god samtale/diskusjon etterpå (som til dømes etiske problem i The Walking Dead).

Øverland og Zilkiqi la også vekt på at E-terapi skal vere eit supplement til den psykologiske praksisen ein har i dag, og ikkje ei erstatning. Dette er eit veksande felt som det vert spanande å fylgje med på og kanskje jobbe med i framtida. Teknologien gir oss ein haug med moglegheiter, og vår oppgåve vert å finne ut av korleis ein kan dra nytte av dette.

Fagkom jobbar kontinuerleg for fagleg påfyll der pensum ikkje dekkjer bra nok. Har du forslag til tema for framtidige arrangement? Ikkje nøl med å sende inn forslag til psykolosjenfag@gmail.com eller Faglige Freud.

Kategorier Fagarrangement, Skyggedager

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close