Kor godt kjenner du til omgrepet psykopati? Psykopaten vert ofte sett på som den minst elska pasienten, og ord som omsynslaus, fiendtleg, mangel på empati og brutalitet er ofte assosiasjonar som dukkar opp når ein høyrer om denne pasientgruppa. Men, er det mogleg at det kalde ytre til desse pasientane har djupe røter i noko vi ikkje kan sjå? På det første arrangementet til Fagkom i år var det nettopp slike spørsmål Aina Gullhaugen prøvde å svare på.
Vi var so heldige å få tidlegare NTNU-student Aina Gullhaugen (kull 10), spesialist i klinisk vaksenpsykologi, til å kome å halde eit foredrag for oss. Gullhaugen har ein doktorgrad på temaet psykopati, samt arbeidar med ulike typar dyssosialitet i regi av Aleris Ungplan & BOI AS Midt-Norge, noko som gjer at ho har høg kompetanse på feltet. Vi vart presentert for ein ny dynamisk modell for forståing av psykopati (DMP), som Gullhaugen har vore med på å utvikle.
Dersom du var ein av dei om lag 50 studentane som fekk plass på dette foredraget, gjekk du truleg derifrå med eit nytt og mykje meir nyansert syn på korleis pasientgruppa innan psykopati kan sjå ut. DMP tek nemleg for seg korleis ei grunnleggjande kjensle av skam bidreg til dynamiske endringar i opplevingar, strategiar og åtferd assosiert med fundamentale behov for fellesskap og agens hjå psykopatar. I tillegg til ein presentasjon av sjølve modellen, fekk dei frammøtte også høyre om spanande case-arbeid der Gullhaugen forklarte korleis ho hadde nytta DMP i terapien. Kan denne modellen tilby kunnskapen som treng til for at ein skal kunne behandle psykopati som eit dynamisk samspel mellom fleire ulike faktorar, og dermed vere med på å endre måten ein ser på psykopati i dag? Dette er eit område det kjem til å vere spanande å fylgje utviklinga på framover, noko dei som deltok på foredraget fekk ein liten smakebit på.
Fagkom jobbar kontinuerleg for fagleg påfyll der pensum ikkje dekkjer bra nok. Har du forslag til tema for framtidige arrangement? Ikkje nøl med å sende inn forslag til psykolosjenfag@gmail.com eller Faglige Freud.
1 tanke om “Fagkom presenterer: Korleis forstå psykopati”