Fagkom presenterer: Barnefagleg sakkyndigheit

Kva er barnefagleg sakkyndigheit? Kva skal til for å bli barnefagleg sakkyndig og kva jobbar ein med? Som psykolog eller psykologspesialist kan ein av retten bli nemnt opp som vitne eller sakkyndig i saker som angår barn. Ifølge barnevernlova og barnelova skal både slutningar og sakshandtering være til barnets beste, og i Norge vil dette være tett forankra i kva som vert sett på som å være best for barnets psykologiske utvikling. Kathrine S. Lorentz tok turen til oss for å gi ei lita innføring i kva det vil seie å vere sakkyndig, korleis ein arbeider, kva lovverk ein må forholde seg til, samt la fram spennande case.

45109436_174409633499157_5798076687048507392_n

Kathrine er psykologspesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi og spesialist i klinisk samfunnspsykologi. Ho er godkjent Marte Meo-terapeut, EMDR-terapeut og EMDR- nasjonal vegleiar, og har tilleggsutdanning i fleirkulturell pedagogikk. Ho arbeidar som barnefagleg sakkyndig ved Øya Psykologsenter, i tillegg til at ho har halv stilling som universitetslektor ved institutt for psykologi ved NTNU.

Dei frammøtte fekk lære om skilnaden på foreldretvistsaker og barnevernssaker, samt litt om korleis ei sak kan bevege seg frå meklar til retten. Kathrine kunne fortelje om ein spanande og variert arbeidsdag, og ofte med lange distansar å reise. Ingen dagar eller oppdrag er like. Dette er verkeleg noko for deg dersom du er på jakt etter variert arbeid. Samtalar kan skje på eit kontor eller på heimebesøk til familiane som er involvert i sakene. I tillegg til dette snakka Kathrine om kva personlege eigenskapar ein burde ha for å jobbe som barnefagleg sakkyndig.

Oppdraga ein får som barnefagleg sakkyndig handlar om at ein skal møte ein familie og snakke med dei, samt observere samspelet mellom foreldre og barn. Ein kan få oppdrag frå Barnevernet, og kjem inn som ein nøytral og uavhengig tredjepart i ei familiesak. Det er ikkje den sakkyndige som tek avgjersler, men det vert teke stort omsyn til vurderingane den kjem med, då den har lagt sin psykologfaglege kompetanse til grunnlag for sine vurderingar. Hovudrolla til ein sakkyndig er å opplyse saka og tale på vegne av barnet.

Dette er eit spennande og givande felt å jobbe innan, og foredraget vart avslutta med ei oppfordring om å vurdere dette som eit mogleg arbeidsområde etter studiet. Her er det gode jobbmoglegheiter, og Kathrine vil gjerne ha deg som kollega i framtida!

Fagkom jobbar kontinuerleg for fagleg påfyll der pensum ikkje dekkjer bra nok. Har du forslag til tema for framtidige arrangement? Ikkje nøl med å sende inn forslag til psykolosjenfag@gmail.com eller Faglige Freud.

Kategorier Fagarrangement

1 tanke om “Fagkom presenterer: Barnefagleg sakkyndigheit

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close