Eigenomsorg i rolla som psykolog

Korleis tek ein vare på seg sjølv i rolla som psykolog? Dette var eit spørsmål vi prøvde å svare på i haustens første Fagkom-arrangement! Vi var so heldige å få besøk av Gunnvor Pettersen frå Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS). Pettersen er spesialist i klinisk vaksenpsykologi og jobbar blant anna med oppfylging av krisesentera i Trondheimsregionen på vegne av RVTS.

Eigenomsorg i rolla som psykolog er eit tema som angår oss alle på dette studiet, noko som også viste på oppmøtet! Dette er tydeleg eit tema som engasjerer mange. Pettersen opna med å fortelje relevansen av dette temaet i eit yrkje som psykolog. Ein jobbar tett på mange menneske, og ein har gjerne lett for å ta innover seg andre sine tilstandar. Ein kan då oppleve det ein kallar emosjonelt stress, som ikkje treng å vere so ille. Det er dersom ein vert verande i desse kjenslene, som i utgangspunktet ikkje er eins eigne, at det byrjar å verte usunt. Vidare fortalte Pettersen om dei uheldige konsekvensane stress kan ha på kroppen.

Som psykolog vert berørt av menneske ein jobbar med, det er ein del av å vere menneske. Det er likevel viktig å prøve å avgrense kor mykje ein let seg vere i og påverke av desse kjenslene. Dette kom Pettersen med konkrete tips for å klare. Ho la vekt på at det kunne vere lurt å ha eit tydeleg skilje mellom psykologrolla og privatpersonen. Her er det mange ulike ting som kan fungere, for eksempel trening, mindfulness og meditasjon. Sjølv har ho erfart at det kan vere svært slitsamt å gi ut privat telefonnummer til klientar, då det bland anna gjer skiljet mellom jobb og fritid utydeleg. Pettersen la vekt på viktigheita av avgrensa eksponering.

Vi ynskjer å takke Pettersen for eit flott foredrag! I tillegg til forelesing var det lagt opp til fleire gruppediskusjonar, noko som vart teke godt imot blant studentane. Veldig kjekt med so mange frammøtte! Vi håper sjølvsagt på god respons på neste Fagkom-arrangement også, som er en workshop om VR i behandling. Følg med på Facebook for meir informasjon.

Kategorier Fagarrangement, Fagkom

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close