Fagkom presenterer: Dramaterapi

Fagkom startar semesteret med eit spennande foredrag om dramaterapi. Vi fekk besøk av Hedda Sandvik, som fortale oss om korleis ein kan nytte drama som eit verktøy i terapi med flyktningbarn med traumebakgrunn. Sandvik jobbar på Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging, er utdanna dramaterapeut, samt har ein mastergrad i psykososialt arbeid med fordjuping i vald og traumar.

51337060_398920603984362_340763267905355776_n

Sandvik fengsla tilhøyrarane med si gode formidlingsevne, og fortalte korleis ein kan nytte dramaterapi som eit hjelpemiddel for å skape endring i vonde kjensler og uynskt åtferd. Ho fortalte korleis det heile handlar om at barna skal følgje det som appellerer til dei, og at dei gjennom «som om»-utrykk opnar opp for å kome tett på sårbarheita. Dramaterapien sørgjer for at ein har etisk distanse, som handlar om at ein får ein trygg avstand mellom seg sjølv om eiga sårbarheit gjennom narrativet som utspelar seg i gruppa. Dette gir trygge omgivnadar for barna, og dei kan «gøyme» seg bak rollene sine dersom ting vert ubehageleg eller for å utforske tabu. Det er viktig å ikkje trekkje linjer for barna mellom dei sjølve og det som skjer i dramaterapien, då dette øydelegg illusjonen. Dette kan føre til at ein ikkje får effekt, og barna kan føle ubehag ved at rolla deira vert teken vekk. Dramaterapien handlar om at barna sjølv får vere aktørar, i motsetjing til ved eit traume, og ein kan sjå likskapstrekk til leiketerapi. Ein viktig del med dramaterapi, er at barna sjølv har sjansen til å styre narrativet slik at det er trygt nok, men likevel spennande nok til at ein kan få endring. På denne måten kan ein få endring gjennom erfaring i trygge omgivnadar.

Sandvik hadde med seg piggsvinet Pelle, og saman illustrerte dei korleis det er lettare å forholde seg til piggsvinet i staden for dei ekte kjenslene ein har gjennom at ein fyller piggsvinet med meining.

Fagkom jobbar kontinuerleg for fagleg påfyll der pensum ikkje dekkjer bra nok. Har du forslag til tema for framtidige arrangement? Ikkje nøl med å sende inn forslag til psykolosjenfag@gmail.com eller Faglige Freud.

Kategorier Fagarrangement, Fagkom

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close