Badetur til Ladekaia

Søndag 08.09 Tok Turid med seg ein fin gjeng med losjingar til Ladekaia. Formålet med turen var både eit kafébesøk samt ein dukkert for dei som måtte ønskje det. Trondheimsværet viste seg frå si beste side med heilt blå himmel og strålande sol. Det var ingen teikn til at vi er komne langt inn i september, og at ein kald og mørk haust står for tur.

 

Mang ein losjing møtte opp til tur, og vi er spesielt glad for eit så godt oppmøte frå dei nye kull 43! Det var god stemning på turen, og fleire nytta sjansen til å få seg eit forfriskande bad. Det er ikkje sikkert vi får så mange fleire sjansar til å bade i finværet i år, så då var det berre å få av seg kleda og hive seg uti.

 

Takk for ein flott søndagstur til alle som var med!

Var du så uheldig at du gjekk glipp av denne turen? Fortvil ikkje! Den flotte gjengen i Turapi har laga eit fantastisk spennande og variert haustprogam (her), med lågterskelturar i området, samt lengre toppturar som inkluderer overnatting i lavvo, det kjem med andre ord fleire moglegheiter! God tur!

 

PS: påmelding til haustens vakraste eventyr, turen til sylanmassivet er open og det er framleis eit par plassar igjen! (Påmelding finn du her)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close