Fagkom presenterer: Debatt om casting i reality-TV

Den siste tida har det vore stilt spørsmål ved om castinga og ivaretakinga av deltakarar i reality-TV er etisk forsvarleg, noko som inspirerte Fagkom sitt førre arrangement – ein debatt om nettopp dette. Med oss i panelet var vi so heldige å ha med oss professor emeritus i barn og unges psykiske helse ved UiT, Willy-Tore Mørch, samt tidlegare TV-psykolog og noverande psykologspesialist ved LDPS-ruspoliklinikken i Oslo, Helge Bråthen. Som ordstyrar var vi glade for å ha fått med oss Philip Lautin Jackson.

Mørch har vore aktiv i den offentlege debatten om barn sine rettigheiter og barn sin oppvekst, og engasjerer seg difor i barn og unge si eksponering i TV og sosiale media når det kjem til talent- og realitetsprogram. Han framhevar særleg moglege skadeverknadar som fylgje av prestasjonspress og massemerksemd som fylgje av eksponering i media, og dreg fram program som Melodi Grand Prix jr. og The Voice Kids. Mørch har også vore aktiv i debatten rundt vaksne si deltaking i slike program, då det kan tenkjast at desse potensielle farane også kan gjelde for vaksne.

Bråten tok med seg eit litt anna perspektiv enn motdebattanten sin, då han tidlegare både sjølv har vore deltakar i reality-program, samt arbeidd med screening og oppfylging av deltakarar etter slike program. Sjølv angrar han ikkje på eiga deltaking i programma «Blind kjærlighet» og «Harem», då det var ei god oppleving for han, utan utfordringar i etterkant. Han peikar dog på at dette kan kome av at det var program med lite drama og heller ikkje særleg store sjåartal, og at opplevinga i dag truleg er ein annan på grunn av blant anna sosiale media og søken etter mest mogleg drama i programma.

På spørsmål om kven som tek skade av å vere med på reality-program, la Mørch vekt på at dette gjaldt dei som vart eksponert over lengre tid. Han påpeika då rolla til sosiale media, og korleis kommentarfelt nyttast til netthets og liknande. Den kortvarige eksponeringa som føregjeng under innspelinga er truleg ikkje like skadeleg, då dette er nokså kortvarig. Bråthen meinte at nokre er meir sårbare for negativ mediaomtale enn andre, og i screening er det desse psykologen prøver å kartleggje og prøve å hindre i å delta.

IMG_1629

Når det gjaldt spørsmål om det var mogleg å rekruttere deltakarar til reality-TV på ein forsvarleg måte, var debattantane samstemde. Det er altfor lite forutsigbart korleis deltakarar kjem til å reagere på eksponering over lengre tid. Bråthen kunne fortelje at dei berre har 20 minutt til disposisjon per potensielle deltakar under screeninga. I tillegg til at dette er altfor lite tid til å «bli kjent med» vedkomande, har ein heller ingen måte å kontrollere for usanne svar, som det diverre er mykje av. Folk veit kva ein bør og ikkje bør svare for å vere aktuell. Mørch meiner det ikkje er forsvarleg, då dei som jobbar med casting har eit mål for auge: å lage best mogleg TV. Då er det gjerne kven som kan lage drama som står i fokus, og ikkje kven som faktisk kan tole ei slik eksponering. Bråthen påpeika då at det er eit skilje mellom screening og casting. Screening gjeng ut på å luke ut dei som ein ikkje trur taklar ei slik eksponering. Som psykolog gir ein anbefalingar til casting om kven som ikkje bør vere med programmet, men ein har ingen reel makt over bestemmingane som vert tekne. Casting kan, og vil ved nokre tilfelle ignorere åtvaringane frå psykologen. Det var også det som skjedde då Bråthen valde å forlate jobben sin innan screening: casting tok eit val angåande ein deltakar som Bråthen ikkje kunne stå inne for.

Utveljingsprosessen er det ein kan kalle «etisk frynsete», men er det ikkje betre at det er psykologar til stades for å gi sine anbefalingar, samt til ivaretaking etter at programmet er over? Her var panelet splitta. Mørch var tydeleg på at ein som psykolog ikkje kan vere med på noko som er til potensiell skade for eit individ. Han påstod vidare at produksjonen av reality-program nyttar psykologane som eit «sikkerheitsnett», og meiner det er forsvarleg å utsetje deltakarar for det dei gjer, for dei får jo trass alt tilgang til psykologhjelp og oppfylging i etterkant. Han meiner at dersom alle psykologar hadde nekta å arbeide innan den bransjen, hadde ein måtta slutta med reality-TV. Dette var ikkje Bråthen samd i. Han sa blant anna at dersom psykologar ikkje ville arbeide med reality-TV, ville nok produksjonen hente inn andre som ville, som til dømes coachar, til å gjere den jobben psykologane gjer i dag. Vidare visar han til interessa rund å delta i slike program, og fortel eksempelvis at det er ca 4000-5000 søkjarar til ein sesong av Paradise Hotel. Interessa er so stor, at det truleg ville blitt arrangert uavhengig av om psykologar er med på laget eller ei. Han fortel av psykologane er med i slike produksjonar for å minimere dei negative konsekvensane deltaking kan ha, både ved å gi anbefalingar om kven som ikkje bør vere med, i tillegg til å vere lett tilgjengeleg for dei som treng oppfylging i ettertid.

Fagkom ynskjer å takke begge debattantane våre, Willy-Tore Mørch og Helge Bråten for ein god og lærerik debatt! Vi ynskjer også å rette ein takk til ordstyrar Philip Lautin Jackson, som leia oss gjennom debatten på ein svært god måte!

Kategorier Fagarrangement, Fagkom

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close