Fagkom presenterer: Psykologisk førstehjelp og krisepsykologi

29497230_201025557327680_2080186103116648299_n

Ein som står deg nær har opplevd ein situasjon den ikkje er i stand til å takle på eigenhand, og som psykologstudent er du eit naturleg førsteval å ta kontakt med. Veit du korleis du på best mogleg måte kan møte denne personen? Toler du reaksjonane personen har på situasjonen? Følar du deg førebudd? Er svaret ditt «ja» på desse spørsmåla, er du truleg ein av dei cirka 60 heldige studentane som fekk delta på den førre workshopen til Fagkom.

Vi var so heldige å få besøk av ein tidlegare psykologstudent frå NTNU (kull 19), Andreas Espetvedt Nordstrand. Han jobbar som militærpsykolog og offiser i forsvaret, og arbeidar for tida med sin PhD om traumatisk stress, og difor har mykje kompetanse innan psykologisk førstehjelp og krisepsykologi. Nordstrand har også jobba i poliklinikk, på somatisk sjukehus og på DPS.

Føremålet med workshopen var at vi som psykologstudentar skulle lære nokre psykologiske verktøy som ein kan nytte seg av i møte med menneske i den akutte fasen av ei krise. Dette var Nordstrand verkeleg rette mannen til å formidle, og han fanga tilhøyrarane med si gode formidlingsevne. Han fortalte oss om fleire ulike normalreaksjonar på akutte traumatiske hendingar, og korleis ein kan vere til hjelp i ein sånn situasjon. Han lærte oss både kva ein bør og ikkje bør gjere, og kva ein kan seie og helst ikkje bør seie, for å på best mogleg måte kunne møte dei pårørande/ramma i den akutte fasen.

Fagkom ynskjer å takke Nordstrand for det flotte foredraget! Basert på dei gode tilbakemeldingane vi har fått, kan vi konkludere med at dette vart eit vellukka arrangement! Alle som deltok på workshopen fekk deltakarbevis, med ei kort oppsummering av det vi lærte, samt kven som haldt workshopen.

Fekk du ikkje med deg arrangementet? Frykt ikkje! Då kan du lese om den i neste nummer av Synapsen. Fagkom jobbar kontinuerleg for fagleg påfyll der pensum ikkje dekkjer bra nok. Har du forslag til tema for framtidige arrangement? Ikkje nøl med å sende inn forslag til psykolosjenfag@gmail.com eller Faglige Freud.

Kategorier Fagarrangement

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close