Fagkom presenterer: SSA

27788750_184504195646483_7360657034564912388_o.jpg

Fagkom sin første workshop denne våren hadde temaet skadeleg seksuell åtferd hjåbarn, ein tematikk som både er vanskeleg og ubehageleg å forholde seg til. Vi var so heldige å få med oss Hans Andreas Knutsen, Morten Lundgren og Tina Ludvigsen Sæther, som alle er ein del av Rebessa (ressursteamet mot bekymringsfull og skadeleg seksuell åtferd), til å halde workshopen for oss. Til saman sitt desse tre påsvært høg kompetanse når det kjem til korleis ein kan avdekkje barn som er på veg i ei uheldig retning, og korleis ein kan bidra med tilpassa hjelp og behandling på eit tidleg tidspunkt. Det vart lagt vekt på viktigheita av tidlege tiltak, då dette kan vere med på å avverge mange potensielle ofre og gi barna eit betre liv.

Dei 90 frammøtte, både fråmedisinstudiet og vårt eige, fekk i løpet av dei neste tre timane tileigna seg nyttig kunnskap rundt tematikken. Workshopen tok for seg alt frå kva SSA er, risikovurdering og kartlegging, samt klinisk arbeid og eigenomsorg. Knutsen, Lundgren og Sæther delte spennande, ubehagelege historier frå møte frå eigen klinisk kvardag, og la vekt på at det i møte med slike tøffe situasjonar er viktig for psykologen å ta vare på seg sjølv. Konkrete tips vart delt om korleis dei sjølve klarte å distansere seg i passe grad frå situasjonane dei møtte, då verken for mykje eller lite distanse er heldig i arbeid slike tilfelle.

Fagkom vil takke Knutsen, Lundgren og Sæther for at dei ville kome og halde workshopen for oss psykologstudentar om eit so viktig tema som dette. Vi håper alle som kom føler dei fekk nytte av arrangementet, og at det kanskje kan vere med på å kaste lys over eit vanskeleg tema dei fleste helst vil unngå å ta stilling til.

Fekk du ikkje med deg workshopen? Då kan du lese om den i neste nummer av Synapsen. Fagkom kjem snart med fleire spennande arrangement, so det er berre å halde auge og øyrer opne.

Kategorier Arrangemet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close