Nestleder (Dextrae Manus)

Om nestleder

Navn: Agathe Abrahamsen Slettehaug
Kull: 49

Nestleder sine oppgaver

  • Støtte leder og styret i alle oppgaver – alltid klar til å steppe inn!
  • Bidra til koordinering og planlegging av arrangementer.
  • Jobbe for å skape et inkluderende og engasjerende miljø i Psykolosjen.

Hilsen fra nestleder

Heisann!

Eg heiter Agathe, er 22 år gammal og skriv på nynorsk<3. Eg kjem frå bygda Naustdal, som ligg langs Førdefjorden på vakre Vestlandet. Dette er mitt andre år i Trondheim, og eg stortrivast her!

Etter vidaregåande starta eg på Manger folkehøgskule. Trivselen var høg, så eg var der i to år. Etter ein del musikk og moro, var eg klar for å studere. I løpet av åra på folkehøgskule, innsåg eg at det er folk eg vil jobbe med. I tillegg var eg fast bestemt på at det var Trondheim eg skulle til, mykje på grunn av studentlivet i byen.

Eg begynte på sosialt arbeid for å bli sosionom, som var spennande. Likevel la eg inn ein søknad på psykologutdanninga, og enda opp som nummer tre på ventelista. Der vart eg ståande i ro, så eg starta på tredje semester på sosialt arbeid. Etter studiestart fekk eg plutseleg ei melding frå samordna opptak med tilbod om studieplass. Eg takka raskt ja og har ikkje angra på den avgjersla! Utan om studiet er eg glad i å vere med på det som skjer, alt frå fotball til strikking.

Eg er takknemleg for å ha fått mogelegheit til å vere med i Psykolosjenstyret, og ser fram til å bidra som nestleiar. Eg håpar på eit spennande år fylt med mykje forskjelleg som kan gjere losjingane fornøgde!

Dersom du har nokon spørsmål eller innspel, er det berre å ta kontakt. Send ei melding til agatheas@ntnu.no eller huk tak i meg på Dragvoll!

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close