Forfatter: Sivert Havnen
Eg heiter Sivert, går kull 41, og kjem frå vestlandsmetropolen Førde, byen som i 2007 vart kåra til Noregs styggaste av Dagens Næringsliv sine lesarar. Å vekse opp i eit såpass estetisk utfordra miljø, har sjølvsagt påverka meg, og måten eg trer fram på i dag, ber om orsaking for dette. Eg vart fødd i oksens år, nærare bestemt 1997, og har hatt eitt "kose-år" mellom vidaregåande og då eg starta på psykologi. Vervet som PR-sjef fekk eg etter valløfter om at eg skulle auke kjønnsbalansen i styret(check), samt å auke nynorskandelen(check). Vervet mitt går i all hovudsak ut på lage bilete og banner til diverse arrangement, og å sørge for å halde alle oppdatert om kva som føregår internt i losjen. Dersom du lurer på noko angåande kva eg kan hjelpe til med, har ris eller ros, eller om du berre vil slå av en prat, må du ikkje nøle med å ta kontakt. Det enklaste er nok å kontakte meg på Facebook, men det er sjølvsagt berre å huke tak i meg, om du ser ein litt småforvirra vestlending vandrande på Dragvoll.
