Lokomotiv Pavlov

Lokomotiv Pavlov er Psykolosjen sitt eige fotballag. Det er eit lågterskeltilbod for alle som vil ha det gøy med fotball saman med sine medstudentar, uavhengig av ferdigheitsnivå. Vi er eit 7er-mix-lag, noko som betyr at laget består av både gutar og jenter. Vi spelar i 7dentligaen mot andre linjeforeningar. Vi trenar ein gong i veka, og dagen og tidspunktet varierer ut ifrå kva som passar for fleirtalet.

Dersom dette verker interessant, kan du melde deg inn i Facebook-gruppa vår “Lokomotiv Pavlov”. Her vil du finne blant anna treningstid og stad, og det er ope for å ta seg ein tur innom trening. Det er heilt uforpliktande, både å melde seg inn i Facebook-gruppa og å møte opp på trening.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Anna I. Halvorsen. Sees på trening psykologstudentar!

 

pavlov