Lokomotiv Pavlov

pavlov

Om Lokomotiv Pavlov

Lokomotiv Pavlov er Psykolosjen sitt eige fotballag, der alt går på Skinner. Dette er eit lågterskeltilbod for alle som ynskjer ein sosial arena, der ein kan ha det gøy med ball saman med sine medstudentar, samt ei moglegheit for å få utløp for konkurranseinstinktet. Vi er eit 7er-mix-lag, og laget består av både gutar og jenter. Vi spelar i herreserien i 7dentligaen, mot andre linjeforeningslag. Vi trenar ein gong i veka, og tidspunktet varierer ut ifrå kva som passar for fleirtalet.

Syns du dette verker interessant, men du er litt usikker på om dette er noko for deg? Då bør du melde deg inn i Facebook-gruppa vår «Lokomotiv Pavlov»! Her vil du finne meir informasjon, blant anna treningstid og stad. Det er heilt uforpliktande både å melde seg inn i Facebook-gruppa og å møte opp på trening. Er du nysgjerrig, er du hjarteleg velkomen til å stikke innom!

Sjåast på trening, psykologstudentar!

Bildedryss

Sosiale medier